Når nokon seier eg ikkje kan mure ein mur. Då murar eg ein mur
Om bussjåføren seier eg ikke får vere med bussen, det er ikkje plass nok. Då legg eg meg på alle fire og utnyttar plassen nær golvet.
Om nokon meiner det lar seg gjere å lage brun saus heilt utan sukkerkulør. Då gjer eg i det minste eit tappert forsøk. Inntil det blir avslørt at vedkomande ikkje kan kunsten sjølv og berre ynskjer å teste meg.
Når nokon dyttar meg utfor komfortsona mi, då tek eg utfordringa og finn meg plutseleg som skirenn-speakar.
Då me var på salsmøte høgt til fjells og sjefen rundt midnatt (i baren) tilbaud seg å smøra skia mine om eg lova å gå før frukost. Då var eg ute i sporet 06:28 neste morgon. Smøretilbodet var visst ingen spøk.
Når nokon nett har utfordra meg til å skrive eit blogginnlegg på nynorsk. Då gjer eg det. Eg synest eg løyste det elegant. No utfordrar eg vedkomande til for fyrste gong å leggje att ein kommentar i ein blogg.

Eg utfordrar andre til å leggje att ein kommentar og. På valfritt målføre.
Likar du utfordringar?
Elisabeth